Vonheim Open barnhage er ein barnhage der barn under skolealder kan komme i følge med ein vaksen. Barnehagen er eit ope, pedagogisk tilbod til deg som har ansvar for born og ynskjer å treffe andre i same situasjon. Her kan du få informasjon, råd og veiledning om borns utvikling og oppvekst. Borna har god plass å leike på, her er kaffi og stolar til dei vaksne.
Barnehagen er open for alle - du kan komme når det passer, og gå når det passer.
Vonheim Open Barnehage er open kvar måndag og onsdag i skuleåret frå kl 09.00 til kl 15. På torsdagar har me utebarnehage og er på tur - program får du i barnehagen. Innedagane ser sånn ut:
09.00-10.30: Fri leik i salen
10.00: Formingsaktivitet
11:00: Songstund
11.30: Formiddagsmat (ta med matpakke, me syter for kaffi, te og frukt)
15:00: Me stenger for dagen.
Velkomne til Vonheim