Voss KFUK-KFUM

Velkomne til KFUK-KFUM Voss! I foreiningshuset vårt Vonheim midt på Vossevangen yrer det av liv heile veka. Våre frivillige og tilsette har som mål å skape trygge, opne og kjekke aktiviteter og møtestader for vossingar i alle aldre. Du er hjarteleg velkomen! For dei aller minste og dei halv-gamle: Vonheim Open Barnehage Måndagar, onsdagar og torsdagar for born i fylgje med ein vaksen, kom når du vil, gå når du vil. Gratis og ope for alle. facebook.com/vonheimopenbarnehage For heile familien: Saman med Kyrkja i Voss inviterer me heile familien til Superonsdag ein gong i månaden. Middag, kjekke aktiviteter, input og kaffidrøs for vaksne og Skattekista for borna. https://www.facebook.com/groups/489618838837842 For dei midt i mellom: Voss Tween Sing (ligg på is i 2021) Song, leik, dans, drama, turar og konsertar for gutar og jenter i 5., 6. og 7ande klasse. Annakvar onsdag frå 13.30 (ope hus!, øvinga startar 15.00) - 17.00. Førsette kan få info i denne gruppa: https://www.facebook.com/groups/455607641248842/ For tenåringar: Refleks Ten Sing Kor, band, dans, drama, teknikk, kjøkkengruppe, turar, leirar, festivalar, konsertar og leiartrening for ungdom mellom 13 og 18 år. Kvar torsdag frå 14.15 - 21.00 https://www.facebook.com/reflekstensing https://www.facebook.com/groups/reflekstensing/ førsette finn info her: https://www.facebook.com/groups/119808984857100/ For dei nevenyttige: Vaktmeistergruppa Handy https://www.facebook.com/groups/405426282922869/ Og jolemesseverkstadkvelder. Følg med på facebook for invitasjon! For dei vaksne: Bibeltimer, dugnad og møter som vert annonsert på sida her For alle generasjoner: Jolafest, KFUK-KFUM-fest, dugnader, turer til vår hytte Vonhaug på fagre Mjølfjell, 17.-mai feiring, Jonsokfeiring og kakefestival Me eig og hytta Vonhaug på Mjølfjell - den kan du leiga! https://tinyurl.com/vonhaug Du kan og leiga Vonheim: https://tinyurl.com/vonheim Vil du dra i gong ein aktivitet, eller vere med på noko? Ta gjerne kontakt!

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Hestabakkvegen 1, 5700 Vossevangen, Norge
Kontaktperson:
Internettadressefacebook.com
Følgere av arrangørsiden: 4
Sist oppdatert: 25. juni 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.