Skattkammeret er i stor grad basert på innsats frå frivillige medarbeidarar, og me har stadig trong for nye personar som ynskjer å engasjere seg. Som frivillig i Skattkammeret kan du bidra med å bemanne utlånssentralen vår. Du engasjerer deg då i ei turnusordning, for eksempel kvar andre eller tredje veke. Vi har og trong for frivillige som ynskjer å engasjere seg i prosjektet på andre måtar, som marknadsføringsarbeid, prosjektutvikling eller som aktivitetsinstruktør.
Ta kontakt med oss om du vil bidra eller ynskjer meir informasjon om det å arbeide frivillig.