Kirkens Bymisjon Voss

Kirkens Bymisjon Voss er tilstade for menneske som treng det på Voss. På Voss har me opna Skattkammeret, ein utlånssentral for aktivitetsutstyr og leiker. Her kan du låne gratis det du treng for å feire bursdagen din, henge med vener og gjere aktivitetar, eller delta i organisert aktivitetar. Me har leiker, ski, syklar, friluftstutstyr, kajakk, og mykje meir. Alle som vil kan låne! Hjå kirkens bymisjon Voss kan ein også to dagar i veka være med på prosjektet " i jobb". Tilbodet er for vaksne som ikkje er i arbeid eller på skule. Er du ungdom som ikkje har plass på skule eller er i arbeid kan du delta i "ung i jobb". Her kan ein 2 dagar i veka få arbeidstrening og me er mykje ute i naturen, og finn på eit eller anna saman. Med skattkammeret i same hus vil me ved same opningstider den har, opne opp huset for å kunne være her, lage litt mat saman, finne på noko saman eller gjere leksene dine td? Tilbodet startar opp våren 2022. Og er det slik at du har bruk for hjelp av bornas advokat, gatejuristen, vil vite korleis du kan organisere deg el så ordnar me med nokon som kan bistå deg.

Copy link for sharing to facebook groups

Practical Information

AddressBonangergata 12, 5700 Vossevangen, Norge
Contact person
Members in an organization: 3
Updated at: 20 May 2025

If you have any questions, please do not hesitate to contact us