Er du mellom 13 og 19 år? Vil du bli kjent med kjekke folk og reise på tur og leir? Vil du synge, danse, spele i band, skru på knottar, lage mat, ta bilder - og lage konsert - og kanskje vere med og ta ansvar? Då er du velkommen til Refleks Ten Sing og Refleks-torsdagar i Vonheim! Du kan velge om du vil bruke heile dagen i Vonheim, eller komme rett til Refleks-øvinga frå 18 - 20.30. 14.30: Ope hus med lekselesing, spel og sosialisering. Me har god plass, gode sofaer, god stemning 1600: Fellesmiddag, 40 kr. Påmelding i denne facebookgruppa https://www.facebook.com/groups/2334674158 18 - 20.30: Ten Sing-øving. Kjekt opplegg felles (leik, song, avslutning) og i grupper (dans, teknikk, media, hobby, band, baking) Nokre ganger er det kveldsmat på nattkafé for dei eldste (10ande og oppover) etter øving. Utanom torsdagane reiser me på tur og leir, har det veldig kjekt saman og blir godt kjende. I år planlegg me haustleir, tur til Nattcup i Bergen, Vinterfestival, påskeleir, sommertur, og kanskje lage ein kjekk vårkonsert. Ta kontakt med voksenleiar Ingrid om du vil vere med, eller kom innom ein torsdag for å lukte på stemninga! Du er hjarteleg velkommen! Føresette kan gjerne ta ein kikk på denne sida hvis dei vil ha meir info: https://tinyurl.com/refleksinfo