Velkommen til Refleks Ten Sing, eit kreativt og raust ungdomsarbeid for deg mellom 13 og 19 år!
Kvar torsdag er det ope hus i Vonheim etter skuletid. Her kan du gjere lekser, spele spel og henge med nye og gamle vener. Kl 16 spis me felles middag (35 kr, hugs påmelding).
Frå 18 - 21 er det Ten Sing-øving. Me starter med leik, før me har ei kjekk økt i felleskor der de syng songar me velger sjølv. Du treng ikkje song-erfaring, alle stemmer er velkomne! Etter kor har me opplegg i gruppene og du kan velge mellom band, dans, drama, matlaging, teknikk og minikor. Har du ide til ein gruppe du vil starte? Gje ein lyd, så ser me kva me får til! I år jobbar me med å lage eit lydstudio og multimedierom - der treng me gira folk!
Etter grupper har me koseleg pause med noko godt som kjøkkengruppa har laga, før me har felles avslutning. Etter øvinga er det av og til nattkafe med kveldsmat for dei i 10ande og oppover.
I tillegg til torsdagane reiser me på haustleir, leiarhelg (for ungdomsleiarane), Vinterfestival, påskeleir og sommartur, lager 17.mai-kafeen i Vonheim, har stort vannkrig 16,mai - og lager ein stor vårkonsert!
I Refleks vil me at du skal få vere deg sjølv, og finne ut korleis du kan stå opp for ander. Du er hjarteleg velkommen til å vere med!
Refleks Ten Sing er ein del av KFUK-KFUM Noreg, og er eit kristent ungdomsarbeid - men her er ope for alle, same kva du trur på og ikkje trur på!