Voss Taekwon-Do Klubb ynskjer alle over 60 år velkomen til nybyrjarkurs i Taekwon-Do!
Taekwon-Do er ein framifrå form for trening for deg som er godt vaksen. Me byrjar med heilt grunnleggjande øvingar med fokus på balanse, kroppskontroll, styrke og kondisjon. Dette er for alle, uansett fysiske føresetnader.
🗓 Oppstart: Torsdag 21. august
🕚 Tid: Kl. 11:00–12:30
📍 Stad: Voss idrettshall, ved sidan av Vossabadet
På den første treninga fortel me om kva Taekwon-Do er og korleis me legg opp treningane for godt vaksne, så om du er nysjerrig på kva dette er må du gjerne berre kome for å sjå på.
👕 Kle deg i lette treningsklede
💧 Ta med ei flaske vatn – og godt humør!
Me har plass til mange nybyrjarar, men om du vil vere heilt sikker på å få plass kan du
registrere deg her (trykk på "Jeg vil melde inn meg selv"):
https://voss.ntkd.no/node/20291