Taekwon-Do er ein koreansk sjølvforsvarskunst der målet er å oppnå god fysisk og mental balanse. Det er ein morosam og spanande aktivitet med stor variasjon, der du utviklar god styrke, kondisjon, motorikk og balanse. Me har eit positivt og inkluderande miljø, basert på venlegheit og godt samhald.
Taekwon-do passar for alle, uansett alder og fysisk form.
Me har trening på Voss Gymnas, i idrettshallen og på Vangen skule. Det er nybyrjarkurs med gratis og uforpliktande prøvetid for barn og vaksne kvar haust og vår.