Ynskjer du å bli med i Voss skulemusikk? Me vil gjerne ha deg med på laget! Voss skulemusikk har øving kvar onsdag på Voss kulturhus, og deltek gjennom året på mange spannande aktivitetar. Døme på arrangement som me har delteke på er, Hordablæsten i Bergen, Noregsmeisterskap i Larvik, mange kjekke seminar og mykje meir. Me har rekrutering om våren som blir annonsert på friskus sine sider og på Voss Skulemusikk sine fb sider, men du er hjarteleg velkomen innom ein onsdagskveld for å prøva deg. Dato og klokkeslett for den første øvinga vert publisert når det nærmar seg.