Aktivitetskortet

AKTIVITETSKORT 2025-2026 Aktivitetskortet er eit tilbod Voss Røde Kors har til born og unge t.o.m. 17 år busett i Voss herad. Kortet har form som eit klippekort og består av 5 opne klipp som kan brukast fritt mellom kino, bowling, leikegrenda, Vossabadet og i Klatre- og Ziplineparken til Voss Active. Aktivitetskortet kostar kr. 500,-, og vert selt i resepsjonen i Vossabadet frå 2.juni 2025. Aktivitetskortet 2025-2026 er gyldig t.o.m. 31.12.2026. Gratis Aktivitetskort: Born og unge som har begynt i 1.klasse-t.o.m 17år, født i 2019-2008, som veks opp i familie med vanskeleg økonomi, kan få kortet gratis etter tilvising frå helsestasjon, skulehelsetenesta, NAV, BUP, barnevernet, og lærarar/rådgjevarar i Voss herad. Bufdir har støtta Voss Røde Kors med midlar til aktivitetskortet. Ynskjer du meir informasjon om korleis du kan få gratis Aktivitetskort, ta kontakt med ein kontaktperson i kommunen eller Voss Røde Kors v/Nicole Dubé, mobil 95418259, e-post nicole.dube@redcross.no.

Copy link for sharing to facebook groups

Practical Information

AddressTvildesvegen, 5700 Voss, Norge
Parent organizationRøde Kors Voss
Contact person
Members in an organization: 17
Updated at: 11 Aug 2025

If you have any questions, please do not hesitate to contact us