Spelar du eit orkesterinstrument er du velkomen som musikar hjå oss! Ta kontakt ‑ eller berre kom på ei av øvingane våre! Ein kan vera med berre i periodar, begynne forsiktig med delar av repertoaret, eller kaste seg heilhjarta ut i musikken. Du er velkomen også dersom du har lyst å prøve å spele igjen etter ein kort eller lang pause.
Orkesteret øver kvar måndag i Voss kulturhus kl 18‑21. På dei faste måndagsøvingane øver vi både i grupper og med heile orkesteret samla. Vi har alltid ein god og sosial vaffelpause på måndagsøvingane våre!
Repertoaret vårt spenner over eit stort register med allsidig musikk ‑ frå Haydn og Mozart, via folkemusikk og oratorium, til filmmusikk og jazz. Me held 6‑10 konsertar kvart år, og spelar konsertar både på Voss og i andre kommunar i regionen.
Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane. Orkesteret vart skipa i 1917, og tel i dag rundt 35 aktive medlemmar, både amatørar og yrkesutdanna i alle aldrar. Sjå gjerne heimesida og Facebook‑sida vår for meir informasjon. Sesongplanen for inneverande sesong finn du på heimesida.