Voss Lindy Hop har som formål å skapa eit miljø for swingdansen Lindy Hop på Voss.
Lindy Hop blir ofte kalla «alle swingdansars mor» ettersom både Boogie Woogie, Jive, West Coast Swing og fleire andre swingformer stammar frå Lindy Hop. Den vert som oftast dansa til swingjazz frå 1920-, -30 og -40-talet, men den kan dansast til det aller meste av musikk, i både lågt og høgt tempo, så lenge det svingar! Lindy Hop er ein internasjonal dans, så har du først lært deg litt grunnleggande kan du dansa deg gjennom heile verda!
Ved å stella til arrangement og kurs vil det forhåpentligvis bli eit miljø for denne gladdansen som begynner å veksa i både Noreg og resten av verda!
Lurer du på korleis Lindy Hop ser ut?
Sjekk ut denne videoen som viser korleis det ser ut når det vert dansesirkel på Lindy Hop-festival i Oslo:
https://www.youtube.com/watch?v=N11iLTNv7qg