Bli med på morgonbad kvar måndag!
Me startar måndagane med eit friskt bad i Vangsen, før me et frukost og drikk kaffi i lag på Frivilligsentralen.
Me oppmodar alle til å bli med og ta utfordringa! Det er ein flott måte å starte veka på – med frisk luft, godt selskap og ein god dose energi.
Bading kl. 07.45. Vil du heller berre kome for å drikke
kaffi og ete frukost, er du hjarteleg velkomen til det òg.
Me spanderer kaffi – du tek med det du sjølv ynskjer å
ete.
