Treffpunkt er for born og unge mellom 6 og 16 år som har alvorleg sjukdom i familien, eller som har opplevd at nokon som står dei nær, er død.
På Treffpunkt møter born andre som er i ein liknande situasjon – som kan skjøna følelsar som skyld, angst og uro, sinne og irritasjon, som sjølv kanskje har hovudpine eller vondt i magen. Her treffer dei trygge vaksne som har tid til å lytta, leika og dela.
Samtale er sentralt på alle Treffpunkt, men praten skjer på bornas premissar.
På alle Treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar.
Treffpunkt finn stad annakvar onsdag og varer normalt i to timar. Treffpunkt blir leia av vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge. Dei har teieplikt og har levert politiattest.
Det er gratis å delta.
https://kreftforeningen.no/tilbud/treffpunkt-moteplass-for-barn-og-unge/treffpunkt-moteplass-for-barn-og-unge-pa-voss/