Arrangement

Historisk vandring i Granvin

Arrangeres av:

Bli med på ei hyggeleg og interessant vandring der me utforskar lokal historie, kultur og nærmiljø saman.

Me møter Marit Tveito Askeland, som er guide for dagen, ved Coop Extra og startar turen langs gangvegen bak skulen. Her følgjer me elva og ser mellom anna den flotte uteplassen til skulen og gytebekken som er etablert i området.

Deretter går turen til ungdomshuset Trudvang. Her får me høyra historia om huset og korleis det har vore ein viktig møteplass gjennom generasjonar.

Vidare kryssar me vegen og følgjer den gamle jernbanetraséen tilbake mot sentrum. Undervegs passerer me den nye barnehagen før me kjem fram til museet.

På museet får me sjå Havås-samlinga etter den kjende botanikaren Havås, i tillegg til ei flott bunadsutstilling. Her vil me òg få høyra meir frå lokale formidlarar som deler kunnskap og historier om samlingane.

Dersom det er interesse for det, kan me ta ein liten avstikkar innom sjukeheimen og sjå den vakre hagen der.

Turen går i roleg tempo og er tilrettelagd for alle. Heile ruta er framkomeleg med rullestol, og på Trudvang er det trappeheis inn i bygget.

Velkomen til ein lærerik og sosial tur gjennom lokalhistorie og nærmiljø!

Dato: 24. august

Klokkelsett: 11.00 (rutebuss går kl. 11.10).

Oppmøtestad: Voss stasjon

Pris: Bussbillett og evt. lunsj og kaffi på vegen

Påmelding: post@voss.frivilligsentral.no eller tlf. 97 17 79 85 innan 20. august

Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

August 24, 2026

09:00 — 14:30

Praktisk informasjon

Adresse:Vossevangen, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart