Superlaget er FBK Voss sitt tilbod til personar med funksjonsnedsetting. Dei trenar frå februar til november kvar tysdag mellom 15.00 - 16.00. Om vinteren er dei inne i gymsalen på Ungdomsskulen og resten av sesongen held dei til på KIWI-bana.
Dei spelar kampane sine i Stjerneserien som har tre serierundar på våren og tre om hausten. FBK Voss er arrangør av fyrste serienrunde søndag 23.april. Då kjem det 100 - 150 spelarar til Voss for å spele kampar smiley
I fleire år no er det Ingvill Knapstad Bidne og Olav Rekdal som har vert hovudansvarleg for tilbodet til Superlaget. Dei har veldig lyst til å ha med seg fleire som kan bidra på treningar og kampar. Ingvill og Olav syns at det er veldig morro å få vere med spelarar som viser så stor idrettsglede og omsorg for sine medspelarar, trenarar og lagleiarar. Dei fordeler både treningar og kampdagar mellom seg slik at ein ikkje må vere med kvar veke, men dei skulle ynskje at ein var fleire med, både på treningsfeltet, på kampane og på turar.
Ein utruleg givande måte å nytte tida si på, kan garantere at ein får igjen i bøttar og spann for å vere med her laugh
Det er ikkje eit krav om fotballfaglege kvalifikasjonar eller tidlegare erfaring. Klubben tilbyr kursing til dei som ynskjer det, og i tillegg vil Olav og Ingvill bidra med masse kunnskap og erfaringar. Om ein har spørsmål eller kunne tenkje seg å vere med på ei trening eller to for å finne ut om dette er noko ein ynskjer å vere med på så kan de ta kontakt med:
Olav Rekdal:
olarekda@online.no