Kvar tysdag og kvar torsdag t.o.m. 26. mars 2026 har me innetreningar i Voss sykleklubb. Me held til i Voss idrettshall. Treningane varer frå kl. 18:00 - 20:00, og me held til i underetasjen (med inngang som vender mot Vangsvatnet). Fyrste timen er spinning, deretter går me over til enkel styrke/basistrening før me tek oss god tid til uttøying. Opplegget er sosialt og kjekt. Du avgjer sjølvsagt nivået sjølv, alt frå lågterskeltilbod til meir aktiv sykkeltrening. Jentegarderobe: Nest inst i gangen (garderobe 9). Gutegarderobe: Inst i gangen (garderobe 10). Begge garderobane er tydeleg merka. Gratis 1-2 prøvetimar for ikkje-medlemmer, slik at dei kan prøva opplegget før eventuell innmelding i klubben. Ta med handduk, drikke på flaske, joggesko og vanlege treningsklede til den siste delen av treninga. Ei sykkelbukse med polstring kan vera greitt. Har du spinningsko tek du dei med, dei er aller best :-)
Me har 23 plassar, og me har stort sett nokre ledige plassar på alle treningane. Send likevel gjerne ein e-post til
vossykle@gmail.com dagen før du planlegg å koma, slik at me har litt oversikt over kapasiteten. Legg att telefonnummeret ditt slik at me kan nå deg på kort varsel i tilfelle det ligg an til full sal - i so fall er me nøydde til å prioritera eksisterande medlemmer. Me vonar å få inn fleire syklar innan veke 6, frå den tida av vil det vanlegvis vera ledig kapasitet.
Prøv oss ut, då vel! Vel møtt :-)