Eldar IL starar opp med flagg football som eit prøveprosjekt fire sundagar i oktober.
Flagg football er ein variant av amerikansk fotball der ein ikkje taklar kvarandre fysisk i bakken. I staden har spelarane flagg festa i eit belte rundt livet, og spelet stoppar når ein motspelar dreg av eit flagg frå den som har ballen.
Det er heilt gratis å vera med og ope for alle over 6 år. Ingen førehandskunnskap er naudsynt. Skulle interessa vera stor nok, kjem me til å halde fram med flagg football og kanskje starte ei undergruppe på sikt.