Norsktrening ute. Rusling og prat legg denne gong turen frå Røde Kors huset til Bordalsgjelet.
Oppmøte ved Røde Kors huset i Tvildesvegen 18 (Frispo) kl 11.00. Me går ein tur til Bordalsgjelet og snakkar norsk saman. Føremålet med Rusling og prat er at personar som lærer norsk skal få trena på å snakka norsk med nordmenn. Mange som lærer norsk har få nordmenn å snakka med og får difor praktisert språket lite. Lærer du norsk og treng å øva meir? Bli med då vel! Om du har norsk som morsmål / snakkar godt norsk og vil hjelpa andre til å verta betre i norsk er du òg hjarteleg velkomen til å vera med.
