Arrangement

Toppturhelg i Myrkdalen

Hosted by:
Velkomen til ei sosial og lærerik toppturhelg i Myrkdalen, fylt med skiglede, pudder og ekte vinterfjell. Saman med erfarne guider frå WildVoss får du oppleva nokre av dei beste toppturområda på Vestlandet, med trygge rammer og små grupper der turane blir tilpassa nivået ditt 🗻⛷️ 📍Meir info og påmelding finn du her: https://www.norwaysbest.com/no/myrkdalen/arrangement/toppturhelg-med-wild-voss Guidane har solid kunnskap om snø, vêr og skredfare, og du får tett oppfølging undervegs. Her handlar det om meistring, gode spor i urørt snø og roen som berre fjellet kan gi, langt frå kvardagsmaset! Dette får du oppleva ❄️Toppturar tilpassa nivået ditt, med fokus på meistring og skiglede ❄️Læring om trygge vegval, skredvurdering og skredterreng ❄️Nye turvener og ei helg med likesinna skifolk ❄️Bli kjent med dei snøsikre Vossafjella og turmoglegheitene i området Program ✨Fredag 13. februar: Skredkveld (gratis og open for alle) + turmøte for deltakarane ✨Laurdag 14. februar: Oppmøte/utstyrssjekk → topptur med guide (t.d. Skreieggi/Jordalen) → evaluering og plan for sundag ✨Sundag 15. februar: Oppmøte/utstyrssjekk → topptur med guide i nærområdet → avslutning
Category
Experience

Copy link for sharing to facebook groups

February 13, 2026, 17:00 — February 15, 2026, 14:30

Practical Information

AddressMyrkdalen, Norge
Contact person
Social networks:facebook.com

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map