Velkomen til ein hyggeleg føremiddag med godt selskap!
Kvar torsdag møtest menn i pensjonsalder på Frivilligsentralen til ein kaffikopp og ein god prat. Her snakkar me om laust og fast, delar historier og held kvarandre med selskap i ein triveleg og uformell atmosfære.
Me møtest frå kl. 11.00 til 12.30, og det er både gratis og lågterskel å vere med. Du treng ikkje melde deg på, berre kom som du er.
Velkomen til ein hyggeleg føremiddag med godt selskap!
