Voss spelemannslag og Voss Ungdomslag startar nytt tilbod for born i alderen 5-8 og 9-11 år.
Borna vil oppleve musikk, dans og samhald gjennom leik og rørsle. Vi dansar til levande folkemusikk, lærer enkle songleikar og dansar, og legg vekt på meistring, danseglede og fellesskap.
Bli med på dans, leik og moro!
SmåFolk (5–8 år)
SmåFolk er eit leikebasert dansetilbod der borna utforskar rørsle, fantasi og musikk i eit trygt og inkluderande miljø. Her står danseglede, meistring og fellesskap i sentrum.
MellomFolk (9–11 år)
MellomFolk bygger vidare på danseglede gjennom meir struktur og medvit. Barna jobbar med rytme, samspel og enkle dansesekvensar, og får rom til både læring, kreativitet og personleg uttrykk.
Oppstart: Onsdag 4. februar kl. 17.30
Stad: Osasalen på Ole Bull Akademiet
Pris: Gratis
Instruktørar: Åsmund Nestås Øydvin og Thea Isabell Tveit Bakketun, Astri Sudman
Ingen påmelding – berre møt opp og prøv!