Denne hausten inviterer Berrekristin og Duesund til ei heilt spesiell oppleving der ord og musikk møtest – med dobbel boklansering, ny musikk og nære forteljingar frå livet.
Kristin kjem med to nye diktbøker: ei grøn bok om skam og ei rosa bok om kjærleik. Kontrastkjensler i komplementærfargar. Dikta er skrivne i hennar kjende stil – enkle, nære og ærlege ord som treff lesaren med ein gong. Under konserten les ho frå begge bøkene og deler tankar om kjenslene og historiene som ligg bak tekstane.
Samtidig gir Duesund ut sitt andre album, Under overflaten, ei vidareføring av det ærlege og varme musikalske uttrykket som prega debutalbumet Over vatnet. Musikken rører seg i landskapet mellom vise, jazz og folkemusikk, med tekstar som går tett på livet – om sårbarheit, håp og det som finst under overflata. I samband med albumet kjem også ei bok med tekstar frå begge albuma, fletta saman med små historier frå livet som har forma songane.
På scena har Duesund med seg fire musikarar av aller høgaste klasse: Sigurd Steinkopf på trommer, Ask Viste på bass, Øystein Folkedal på piano og Simen Walle på gitar. Saman skaper dei eit varmt, levande og dynamisk lydbilete som løftar songane og gir publikum ei heilt særskild konsertoppleving.
Det som gjer denne kvelden ekstra spesiell, er at Kristin og Duesund ikkje berre deler scene – dei deler også kvardagen. Dei bur begge i den vesle bygda Straume i Vaksdal kommune, og er attpåtil svigerinner.
Gjennom ord, musikk og samtalar inviterer dei publikum inn i eit varmt og ekte møte mellom to kunstnarlege uttrykk som utfyller kvarandre.
Dette blir ein kveld med bokslepp og konsert i lag – ei feiring av litteratur, musikk og dei nære forteljingane som bind menneske saman. PS: Du kan òg kjøpa billett i døra <3