Arrangement

Boccia i sosialt lag i sommar!

Hosted by:

Bli med å spill boccia i Aktivitetsparken i sommar!

Dei fleste onsdagane i sommar samlast me til bocciaspel og hyggeleg samvær.

Ta gjerne med kaffi og bocciakuler om du har. Elles kan du både kjøpe kaffi og låne kuler i kaféen ved Utebassenget.

Bocciabana ligg mellom rulleparken og volleyballbana ved Aktivitetsparken.

Datoar: 1. juli, 8. juli, 22. juli, 29. juli, 5. august, 12. august, og 26. august.

Klokkeslett. 12.00–13.00

Møteplass: Bocciabana ved Aktivitetsparken

Ingen påmelding

Dette er både sosialt og aktivt, og passar for alle – enten du er erfaren eller aldri har prøvd boccia før. Velkomen til ein triveleg time i godt lag

Kva er bocci og korleis spel du boccia

Boccia er eit klassisk kulespel med røter i Italia. Spelet er enkelt å lære og passar for både barn og vaksne. Det liknar på pétanque frå Frankrike, men medan boccia vanlegvis blir spela på gras, blir pétanque spela på grus eller sand.

Målet med spelet er å kaste kulene så nær den vesle målballen som mogleg. Målballen blir ofte kalla «jack».

Utstyr

Eit bocciasett består vanlegvis av:

• 6–8 store kuler

• 1 liten målball

Kulene er delte i to fargar slik at laga lett kan skiljast frå kvarandre.

Tal på spelarar

Boccia kan spelast som:

• 1 mot 1

• 2 mot 2

• Lagspel

Slik startar spelet

  1. Ein spelar kastar målballen ut på bana.
  2. Den same spelaren kastar den første bocciakula.

Slik går spelet føre seg

Laget som ikkje har kula nærast målballen, må kaste neste kule. Dette held fram til alle kulene er kasta.

Poeng

Når alle kulene er kasta:

• Laget med kula nærast målballen får poeng.

• Ein får eitt poeng for kvar kule som ligg nærare målballen enn motstandaren si næraste kule.

Når vinn ein?

Vanlegvis spelar ein til 12 eller 15 poeng.

Tips for betre spel

• Kast roleg og kontrollert.

• Bruk underhandsgrep – kula skal liggje i handa og rullast bortover graset.

• Utnytt underlaget og la kula rulle fram mot målballen.

• Sikt litt framfor målballen, ikkje rett på han.

Boccia er eit sosialt og morosamt spel som passar for alle aldrar – perfekt for ein aktiv dag ute saman!

Category
Active

Copy link for sharing to facebook groups

Reccurring event

July 1, 2026 — August 26, 2026

Practical Information

AddressPrestegardsalleen 40, 5700 Vossevangen, Norge
Contact person
Available day(s) to participation: Wed, July 8, 2026, 10:00 - 11:00 Wed, July 22, 2026, 10:00 - 11:00 Wed, July 29, 2026, 10:00 - 11:00 Wed, August 5, 2026, 10:00 - 11:00 Wed, August 12, 2026, 10:00 - 11:00 Wed, August 26, 2026, 10:00 - 11:00

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map