Velkommen til Supertysdag!
Alle typar familier er velkomne til triveleg ettermiddag i Vonheim. Her er det glidande servering av hamburgermiddag til store og små, alderstilpassa opplegg for borna, kjekke leiker, og tid for kaffi og prat for dei vaksne. Varmt velkomne!
Supertysdag er gratis og ope for alle, og arrangerast av Kyrkja på Voss og KFUK-KFUM Voss.
Middag
Me startar treffa med middag for dei som ynskjer det - kom rett frå skule og barnehage til ferdig dekka middagsbord! For å beregne mengde mat treng me påmelding til maten. Det skjer i facebookgruppa Supertysdag Voss - foreldregruppe frå sundag same veke
https://www.facebook.com/groups/489618838837842. Sjå info om middagsbetaling i fila nederst på sida
Litt om Supertysdag:
Målet er å tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjarteleg velkomne!
Supertysdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne - veldig kjekt om det kjem ungdom òg!
Info om samlingane i får du i facebookgruppa Supertysdag Voss - foreldregruppe :
https://www.facebook.com/groups/489618838837842