Lurar du på kva som er så fint med elva, eller veit du det allereie? Uansett kva forhold du har til Vossavassdraget så vonar me at du vil vere med og ferie det saman med oss.
På programmet har med noko for både store og små:
- Elvebading og snorkling
- Naturmangfalds-vandring
- Foredrag om Vossolaksen
- Elveleik med juving, padling og rafting.
Du vel sjølv kva du vil vera med på av aktivitetane, eller om du berre vil vere i området og sjå. Alle aktivitetar er gratis fordi me har så mange kjekke frivillige! Dersom du også har lyst til å hjelpa til med noko - matlaging, turguiding eller anna så er det berre å gi oss ein lyd på epost eller tlf.
Hald av datoen og del gjerne med ein ven eller to! Meir info om program kjem på nettsida elvefestival.no