Frivillig oppdrag

Aktivitet og fellesskap

Arrangeres av:
Medarrangør

Me vil med dette orientera om at sjukeheimen har inngått eit samarbeid med Gunn Marit Bergstrøm i GMB Aktiv Helse AS. Saman med ho startar me aktivitetstilbod for bebuarane tysdagar mellom kl. 11.00 og kl. 12.10 ut 2026 i fyrste omgang.

Fysioterapeut Gunn Marit Bergstrøm brenn for forebyggande/helsefremmande arbeid og aktivitet som medisin. Ho har gjennom sitt arbeid erfart at rørsle set i gang både blodsirkulasjon og oksygentilførsel. Ved å puste djupare vert det frigjort hormon som dempar stressnivået i kroppen. Gjennom aktivitet får ein fram smil og latter noko som igjen aukar gledeshormona i kroppen. Me håpar at dette tiltaket vil skapa positive opplevingar for bebuarane og oss alle. De er velkomne til å vera med på aktivitetsøktene dersom de har lyst og tid!

Me heldt til i 3 og 4 .etg på Voss Sjukeheim i fellesstova. Møt opp iden etasjen aktiviteten skal vere i

Oddetalsveker i 3.etg

Partalsveker i 4.etg

Om det ikkje er nokon personale der akkurat når ein kjem, sitt ned og vent litt.

Oppdraget vil vere:

-Bringa bebuarar frå den eine etasjen til den andre, der aktiviteten skal vere. Personalet vil hjelpe med å sei kven ein skal fylgja.

-Sitja med bebuarane, og hjelper bebuarane med å utføre aktiviteten som Gunn Marit styrer

-evt hjelpe Gunn Marit om ho treng det

-evt hjelpe til med å servere drikke i etterkant

-fylgje bebuarar attende til avdeling/rom

Kategori
Together

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Gjentakende aktivitet

June 2, 2026 — December 29, 2026, 09:00 — 11:10

Foregår på disse dagene tir

Praktisk informasjon

Sted:Voss sjukeheim, langtidsavdelinga, 3. og 4. etg
Adresse:Sjukehusvegen 15, 5700 Vossevangen, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart