Arrangement

Vestlandsk Operapub med Henning Sommerro

Arrangeres av:

NordAccordion inviterer til operapub på Tre Brør kafé – ein uformell kveld med store stemmer, sterke melodiar og musikk tett på publikum. På scena møter me Magne Fremmerlid, Henning Sommerro og Kristina Farstad Bjørdal. Med song, klaver og akkordeon byr dei på kjende og mindre kjende innslag frå operaen si verd, i ei ramme der det er kort veg mellom utøvarar og publikum.

Det blir også plass til fleire av Henning Sommerro sine kjende og kjære klassikarar. Sommerro medverkar både på klaver og song, og saman med Fremmerlid og Bjørdal blir det rom for det storslåtte, det leikne og det nære – og truleg nokre overraskingar undervegs. Dette er ein kveld der ein kan senka skuldrane, utan å mista krafta si. Ta med vener, finn deg eit bord og bli med på ein annleis operakveld midt på Vangen.

Medverkande:

  • Kristina Farstad Bjørdal
  • Magne Fremmerlid
  • Henning Sommerro
Kategori
Experience

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

August 14, 2026

18:00 — 20:30

Praktisk informasjon

Sted:Tre Brør Kafé
Adresse:Vangsgata 28, 5700 Vossevangen, Noreg
Kontaktperson:
Deltakere på aktivitet:For personer eldre enn 18 år
Billetter

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart