Mjølfjellhytta til Voss KFUK-KFUM / Vonheim skal gjerast klar for haust- og vintersesongen, og me inviterer til triveleg arbeidsdag på fagre Mjølfjell!
På fikselista står vøling av småting, lø inn ved, rydde på tunet, vaske innvending. Her blir oppgåver for store og små, dei praktiske og dei meir
Ta med arbeidstøy, så stiller hyttenemnda med kaffimat og enkel lunsj. Transport i eigne biler (gje lyd om du vil ha haik!), eller med tog.
Dagen lar seg veldig godt kombinere med ein tur langs elva eller mot ein topp!
Varmt velkomne!
Vonhaug er "hytta til Vonheim". Ho drivast på dugnad, og vert leigd ut til borne- og ungdomsgrupper på tur. Me veit at mange Vossingar set pris på hytta, og har hatt kjekke turar hit, og håper nokon vil vere med på ei dugnadsøkt!