Frivillig oppdrag

Vaktmeistergruppa handY i Vonheim

Hosted by:
HandY er KFUK-KFUM Voss si vaktmeistergruppe. Me møtast i Vonheim nokre onsdag kvar månad mellom klokka 18 og 21. Vonheim er et høgt elska, og hardt bruka, hus som rommer eit mangfald av aktivitetar. Huset trekk på åra, og treng både omsorg og vedlikehald. Vaktmeistergruppa HandY møtast eit par onsdagar kvar månad til fiksing og fellesskap: me fiksar stort og smått som må fiksast og avsluttar nokre kveldar med felles kveldsmat. På fikselista i haust står ymse førefallande fiksing; prøve å tette taket, kaste rask, bytte lysrøyr, måle litt og diverse småprosjekt som meldast. Du treng ikkje spesifikk kunnskap, og treng ikkje ta med deg anna enn praktiske arbeidsklede. Om du møter på kvart treff eller litt inn i mellom er opp til deg - me tilpassar til dei hendene og dei hovuda som er tilgjengeleg! Alt HandY gjer, gjer Vonheim til et meir praktisk hus for alle som bruker det, og reduserer utgifter til vedlikehald. Din innsats i HandY blir dermed direkte knytt til det viktige programarbeidet for barn og unge i KFUK-KFUM Voss og Vonheim. Du er hjarteleg velkommen!
Category
Active

Copy link for sharing to facebook groups

Reccurring event

January 14, 2026 — June 10, 2026

Practical Information

PlaceVonheim
AddressHestabakkvegen 1, 5700 Vossevangen, Norway
Contact person
External Links:facebook.com
Available day(s) to participation: Wed, April 15, 2026, 16:00 - 19:00 Wed, April 29, 2026, 16:00 - 19:00 Wed, May 13, 2026, 16:00 - 19:00 Wed, May 27, 2026, 16:00 - 19:00 Wed, June 10, 2026, 16:00 - 19:00

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map