Neste stopp: Boeuf Bourguignon og Baljelauget
Laurdag 7. november brakar det laus på Café Stasjonen. Først inviterer vi til ein god og varm middag med Boeuf Bourguignon klokka 19.00. Etter maten blir det konsert med Baljelauget.
Her er det berre å glede seg til ein kveld med god mat, musikk og godt lag.
Program:
Dørene opnar kl. 19.00
Boeuf Bourguignon blir servert frå kl. 19.00–21.00
Baljelauget spelar frå kl. 21.00
Dørene stengjer kl. 01.00
Billettar blir selde i døra:
Middag og konsert: kr 475,-
Berre konsert: kr 200,-
Baljelauget - heilnorsk Americana med baljebass, hardingfele og stusselege viser på tvangsrim. Hjerte, smerte, tull og vås møter slåttespel i trainbeat! Garantert godstemning!
Kvartetten frå Voss er det einaste orkesteret i landet som i fullt alvor nyttar baljebass (sinkbalje, kosteskaft og ei snor!) traktert av Svein Prestegard. Arne Anderdal: hardingfele og Tor Helge Opdahl: trommer, kjøkkenutstyr og anna skraml. Olav Undeland: Gitar/song.
Meir på:
facebook:
https://www.facebook.com/Baljelauget/?ref=bookmarks
spotify: