Arrangement

Janne og Muskat-leken og morosam for vaksne og born

Logo
Hosted by:
I eit musehol i nærleiken bur det ei mus som heiter Muskat. Det veit ikkje Janne. Ho gler seg til eventyrstund for barna, men kvar i all verda har eventyrbøkene hennar vorte av? Og kva er det eigentleg som ligg i stolen hennar – det liknar litt på musebæsj …? Muskat – eller Hesperinus Norwegicus Mus Musculus Elskerostinus, som han eigentleg heiter – er ein maskot. Han er ein grei fyr, men kan absolutt ingenting om god folkeskikk. Han bryr seg mest av alt om seg sjølv – og om muggost. Muggost er det beste Muskat veit. Han bur inne i eit musehol, men av og til kjem han ut, og då blir det både trøbbel og moro for dei som er der ute. Ingenting av Jannes eventyrstund går som planlagt, til stor glede for barna. Muskat skaper stort engasjement, og dette er ei framsyning som verkeleg vekkjer deltaking og entusiasme hos dei yngste. Janne har mange års erfaring med teater for barn, og har her skapt ei leikande og morosam framsyning for både vaksne og barn – heilt på barna sine premissar. Av og med: Janne Starup Bønes Dukkedesign: Janne Starup Bønes Dukkemaker: Ida Elisabeth Ravn Produsert av: Unge Viken Teater
Category
Experience

Copy link for sharing to facebook groups

Reccurring event

April 18, 2026 — April 18, 2026

Practical Information

PlaceKultursal
AddressEvangervegen 6, 5704 Vossevangen, Norge
Contact person
Available day(s) to participation: Sat, April 18, 2026, 11:00 - 11:45 Sat, April 18, 2026, 12:00 - 12:45

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map