Arrangement

Ope møte om framtidige retningslinjer for utleige av Torget

Arrangeres av:

Tysdag 20. oktober kl. 15.00–16.00 i kantina på Tinghuset.

Voss herad inviterer leigetakarar, næringsliv, huseigarar og andre interesserte til eit ope innspelsmøte om framtidige retningslinjer for utleige av Torget.

Voss herad har starta arbeidet med nye retningslinjer for Torget og inviterer difor til eit ope møte for å samla erfaringar og innspel frå dei som nyttar Torget eller vert påverka av aktiviteten der. Innspela vil vera eit viktig grunnlag for å utforma føreseielege retningslinjer som balanserer omsynet til aktivitet, næringsliv, arrangement og eit levande sentrum.

Me håpar du har høve til å delta, og ser fram til ein god dialog om korleis Torget kan nyttast best mogleg i åra som kjem.

Skriftlege innspel kan sendast til postmottak@voss.herad.no innan 22. oktober.

Med helsing

Voss herad

Kategori
Debate

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

October 20, 2026

13:00 — 14:00

Praktisk informasjon

Sted:kantina
Adresse:Uttrågata 9, 5700 Voss, Norge
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart