Arrangement

Spinning, styrke/basistrening og uttøying

Arrangeres av:

Kvar tysdag og kvar torsdag frå 22. september 2026 t.o.m. 1. april 2027 har me innetreningar i Voss sykleklubb. Me held til i Voss idrettshall. Treningane varer frå kl. 18:00 - 20:00, og me held til i underetasjen (med inngang som vender mot Vangsvatnet). Fyrste timen er spinning, deretter går me over til enkel styrke/basistrening før me tek oss god tid til uttøying. Opplegget er sosialt og kjekt. Du avgjer sjølvsagt nivået sjølv, alt frå lågterskeltilbod til meir aktiv sykkeltrening. Jentegarderobe: Nest inst i gangen (garderobe 9). Gutegarderobe: Inst i gangen (garderobe 10). Begge garderobane er tydeleg merka. Frå og med oktober og ut året 2026 har me gratis medlemskap i klubben. Ta med handduk, drikke på flaske, joggesko og vanlege treningsklede til den siste delen av treninga. Ei sykkelbukse med polstring kan vera greitt. Har du spinningsko tek du dei med, dei er aller best :-)

Me har 23 plassar, og hittil har me hatt nokre ledige plassar på alle treningane - du treng soleis ikkje melda deg på før du kjem.

Prøv oss ut, då vel! Vel møtt :-)

Kategori
Active

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Gjentakende aktivitet

September 22, 2026 — April 1, 2027, 16:00 — 18:00

Foregår på disse dagene — tir , tor

Praktisk informasjon

Sted:Underetasjen, inngang mot Vangsvatnet
Adresse:Idrottsvegen, 5700 Voss, Noreg
Kontaktperson:
Eksterne lenker:Heimesida
Dager aktiviteten skjer: tirsdag 13. oktober 2026 torsdag 15. oktober 2026 tirsdag 20. oktober 2026 torsdag 22. oktober 2026 tirsdag 27. oktober 2026 torsdag 29. oktober 2026 tirsdag 3. november 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart