Ei musikalsk reise med theremin, fiolin, piano og gitar
Den tidlegare verdskjende handballmålvakta Cecilie Leganger har bytt ut handballbanen med konsertscena. Saman med musikarane Hans Petter Gundersen og Mari Persen inviterer dei publikum med inn i eit vakkert og stemningsfullt lydlandskap der klassisk musikk, filmmusikk, blues og pop møtest i eit rikt og melodisk program.
I sentrum står det fascinerande instrumentet theremin – det einaste instrumentet i verda som kan spelast utan fysisk berøring. Med sine svevande og særmerkte tonar har thereminen trollbunde publikum sidan instrumentet vart oppfunne av den russiske vitskapsmannen og musikaren Leon Theremin på 1920-talet.
Gjennom konserten fortel Leganger historia om dette eventyrlege instrumentet – frå eit fysikklaboratorium til dei store konsertscenene og filmstudioa verda over. Publikum får høyre kjende melodiar frå både film- og musikkhistoria, med verk av komponistar som Ennio Morricone, Charlie Chaplin og Camille Saint-Saëns.
I tillegg presenterer trioen eigne komposisjonar skrivne av Leganger og Gundersen. Med piano, fiolin og gitar som utgangspunkt skaper dei musikk som hentar inspirasjon frå fleire sjangrar og uttrykk. Musikerane byter på instrumenta undervegs, noko som gjev konserten eit dynamisk og variert preg.
Dette er ei konsertoppleving som kombinerer sterke musikalske prestasjonar med spennande forteljingar – ei reise gjennom lydar, historier og stemningar du seint vil gløyme.
Etter konsert byr med sjølvsagt på gratis kaffi med noko søtt attåt
Foto: Bildet fra «God Morgen Norge», tv2,
27.09.2024